|
Færøysund
er ein av dei gamle handels- og gjestgjevarstadene i Hordaland.
Her var handel frå 1650 til 1965. Hovedbygningen er flytta hit i
1858, og restaurert i 1991. Krambua sin eldste del er bygd kring
år 1800. Me tar sikte på å restaurera denne i 1992.
Staden ligg
i naturvakre omgjevnader. Med båt kan du nå holmar, badeplassar
og gode fiskeplassar. Færøysund ligg i Fitjar kommune, på øya Stord.
I Færøysund
er loftet på hovedbygningen omskapt til eit fritidshusvære på ca.
60 m2. "Salen" og "Kvisten" er restaurerte. Salen er opphaldsrom
med langbord - og tre skapsenger. Kvisten (arkrom) er kombinert
soverom og salong.
I tilegg er
her nytt kjøkken og bad. Båt høyrer til, og du kan få låne fiskeutstyr.
Du har og tilgang til sløyebenk og fryseboks.
Fra våren 1993
tek me i bruk 2 husvære til.
|